top of page

JULEØYA OSTERØY

VELKOMMEN TIL EI STEMNINGSFULL ADVENTSTID 

ØYA MED DEI VERDSBERØMTE KOSSDALSSVINGANE HAR MYKJE Å BY PÅ!
 

No er me inne i den finaste tida i året! I denne herlege adventstida byr me på opplevingar for store og små fram mot jul.
 

Med julelys, eventer og julehandel, skal me gjera vårt beste for at du finn den ekte julestemninga!
Ein oversikt over alt som skjer i listen under:

RUBS8955_edited.jpg

Fjordslottet Hotell

Skal du oppleve Juleøya i vinter, kan du bu eller nyte ein god middag på historiske Fjordslottet Hotell. Hotellet held ope for overnatting og servering gjennom førjulstida og vinteren, med lune stover, levande lys og julepynta lokale.

Her kan du kose deg med tradisjonsrik mat, peiskos og kortreiste opplevingar. I hagen finn du badstove for kalde dagar – perfekt etter ein frisk tur i Kossdalen.

Fjordslottet tek imot grupper og legg gjerne til rette for julebord, selskap og stemningsfulle arrangement. Med alle skjenkerettar og eit rikt utval av lokale råvarer, er ramma sett for gode minner i ei tid der varme og fellesskap står i sentrum.

Norlender

Det er ope på den historiske strikkefabrikken Norlender 5 min frå Mjøsvågen i Hosanger, heile førsjulstida: I fabrikkutsalet finn du ullplagg frå hovudkolleksjonen til Norlender, unike godbitar frå outleten – og kanskje ei overrasking eller to!


Du kan òg få guida omvising i den snart 100 år gamle fabrikken og sjå korleis ein ekte, norsk ullgenser blir til. Her får du eit unikt innblikk i korleis dei framleis produserer på tradisjonelle maskiner, og korleis dei tek vare på både handverk og historie.

Send ein e-post til sales@norlender.no om du vil bli med på omvising, som kostar 100 kr per person. Kom innom for å handle kvalitet, sjå gamle strikkemaskiner i arbeid og oppleva ekte, norsk strikkekultur!

Jul på Norlender fabrikken 
Fabrikken har ope kvar dag frem til lille julaften! Støtt norske produsenter og kjøp julegåvene lokalt i år!
• Måndag til fredag: Klokka 09:00 - 15:00
• Laurdag og sundag: Klokka 11:00 - 16:00

RUBS9333_edited_edited.jpg

Den GRØNE Fabrikken

I Den GRØNE Fabrikken innerst i Mjøsvågen på Hosanger kan du sjå spennande kunstutstillingar, handle i galleributikken eller stikke innom for kaffimat og drikke.
Den GRØNE Fabrikken leiger òg ut lokale til små og større lag, og tilbyr mange ulike pakker med yoga, guida tur til Kossdalen, teambuilding og maleaktivitetar. 


Opningstider i førjulstiden frem til 21. desember:
Lørdag: 12-15
Søndag: 12-15
Tirsdag: 13-20

 

Events:

• 15. november: Drop-In familieverkstad kl.12:00-15:00
Lag dine egne gåver/pynt
Pris: 100,- pr pers. Familiepris: 300,-
Open gåvebutikk og kunstkafè med sal av mat og drikke

• 20. november: Pust & Badstove Kl.17:30-20:30
Pris :890,- pr pers

• 21. november: Quiz og konsert med SNAIS Kl. 19:00 - 01:00
Pris: 300,-

• 30. november: Ansiktsmaling for born Kl. 12:00-15:00
Pris: 50 kr pr.born
Open gåvebutikk og kunstkafè med sal av mat og drikke

• 18. desember: Julero Pust & Badstove Kl.17:30-20:30
Pris :890,- pr pers

_s1MGR0A.jpg

Mjøsvågen Landhandleri 

Mjøsvågen Landhandleri ligg på Hosanger, ikkje langt frå der du kjem ned frå Kossdalssvingane. Her kan du stikke innom kafeen for ein bolle eller ein lunsj, som blir servert i vinterhagen eller på kaikanten. Ikkje gløym å ta ein titt i den koselege landhandelen med daglegvarer. Utover dette er butikken sjølvbetjent og har ope kvar dag frå kl. 06–23. Mjøsvågen Landhandleri har òg gjestebrygge med straum, dusj og vatn – og tilbyr utleige av lokale.

Me har betjent butikk og servering:

måndag til fredag kl. 10–16

Lørdag kl. 10-21

søndag kl. 10–17

 

Events:

• 30. november Kl. 16:00: Tenning av Julegrana og fyrste sundag i advent med aktivitetar for born og bålpannekos, gløgg og kakao.

• 6. desember Kl. 15:00: Barnetid med vaffel og bålpanne

• 13. desember Kl. 15:00: Luciadagen med aktivitetar for born, bålpanne, gløgg og boller!

• 20. desember Kl. 15:00: Julepynt verkstad for born og bålpannekos med gløgg og kakao.

Flabellina kunstbadstove

Osterøy kunstlag ville ha ei kunstinstallasjon alle kunne bruka. Resultatet vart ei kunstbadstove innerst i Mjøsvågen. Her kan grupper booka minimum 12 timar på førehand på nettsida, om det er ledig. Men ostringane er ikkje vonde å be, så er de i området og vil ta ein tur i sauna, er det mogleg å ringje og høyre om det er kapasitet.
Kvar tysdag kan du booka drop-in og nyte livet i kunstinstallasjonen i 70 minutt.
På Den Grøne Fabrikken er det dusj og toalett.

Fjærå Sjøhus

Ved sida av Den GRØNE Fabrikken i Mjøsvågen på Hosanger ligg det flotte Fjærå Sjøhus.
Her har dei ope pub, og det er staden å gå om du vil ha god stemning på kvelden eller ete smakfulle smårettar til lunsj. Fjærå Sjøhus ligg heilt i vasskanten, og du kan sitje ute i sola og høyre bølgeskvulpa medan du nyt god mat og drikke. Fjærå Sjøhus er nyoppussa og har òg flotte lokalar til utleige for lukka lag. 

Fjærå sjøhus har ope fredag og laurdag, fra Kl. 20:00 - 01.00 i heile november og desember.

 

Events:

• 15. november Kl. 15:00 - 01:00 Kom innom for god mat, varm kaffe og kakao. Pub kveld og quiz frå kl 20.00 med live musikk frå trubadur Bjørn Fure.

RUBS9090_edited.jpg

Tøsse Brygghus

Er de ein gjeng på minst seks personar som vil ha ei smaksoppleving utanom det vanlege? Det lokale bryggeriet Tøsse Brygghus i Tyssebotn, nord på Osterøy, arrangerer omvising på bryggeriet på førespurnad. Då får de servert ei smaksplanke med lokalbryggja drikke og spekemat frå ein geitestøl i fjella over Tyssebotn. Her har geitene vorte fora med havremjøl frå Tøsse Mølle – noko som passar godt til ølet frå Tøsse Brygghus. Det kostar 500 kr per person.
Det er òg ope på bryggeriet når det er arrangement på Tyssebotn, som til dømes Tyssemarknaden.

osteroykroa roy_edited_edited.jpg

Osterøykroa

I hjartet av Lonevåg finn du Osterøykroa. Her har dei metta ostringar og tilreisande med sin allsidige meny sidan 1997. Osterøykroa er kjend for dei gode hamburgarane sine, men har òg amerikansk pizza, biffsnadder, fish’n chips og raspeballar. Og kva med heimelaga karamellpudding eller vaffel med softis til dessert? Lokalet tek deg tilbake til Amerikas gullalder og er fylt med artige, gamle skilt og andre antikvitetar. Dei har ope alle dagar.
Osterøykroa tilbyr òg utleige av lokale til arrangement og har eit lite motell rett over gata.

IMG_9412 (1)_edited.jpg

Osterøy Museum

Velkomen til Osterøy Museum, vakkert plassert på Gjerstad. Besøk museumstunet og lær meir om korleis folk levde i bygdene nord for Bergen i gamle dagar. Lær om tekstil- og drakthistorie, oppstadvev og lokal byggjeskikk. 

bottom of page