OVERNATTING

Fjordslottet
Fjordslottet Hotell ønskjer velkomen til ei herskapeleg
hotelloppleving med historie i veggane.

Skjerping Gard
Vil du ha ferske egg til frukost? Eller kanskje du let deg lokke av
fjellutsikt og husdyr som sau, hester, høns, ender, geiter, hundar og kattar?

Tysse
Om du vil på dagsbesøk eller overnatting med båt er det plass på gjestekaien. Det er tilgang til straum, vatn og toalett. Det er gode mogelegheiter for bobilparkering på kaien, det er 3 til 4 faste plasser på baksida av butikken og fleire plasser kan ordnast ved avtale.
SERVERING

Eides kafé og handleri
I Valestrand finn du Eides kafé og handleri. Dei serverer heimelaga mat
og god kaffi, og har ei lita butikkavdeling med kjekke varer.

Fjordslottet
I Fotlandsvåg finn du Fjordslottet. Ei smaksoppleving basert på dei beste råvarene
-også frå lokale leverandører. Nyt god mat og drikke, i ei historisk atmosfære.

Mjøsvågen Landhandleri
På Hosanger finn du Mjøsvågen Landhandleri. Ein koseleg gamaldags landhandel med kafé, matservering, daglegvarer og vinterhage med bar. Det tilbys også snittar, catering og leige av lokalet med eigen selskapsmeny.

Kleiveland gard
På den nyrestaurerte låven serverer vi heimelaga mat for grupper etter avtale. Her får du oppleva kosleg, intim stemning med levande lys og saueskinn, peis og stor terrasse. Du kan òg få høyra om livet før på garden og forteljing og videovisning om fiskemetoden med gilje og sitjenot som var livsgrunnlaget for bygda fram til 1993.

Ciao Italia
I Lonevåg sentrum finn du Ciao Italia. Italiensk mat, i en uformell og koseleg setting.

Osterøykroa
I Lonevåg sentrum finn du Osterøykroa. Dei tilbyr både matservering og catering.

Kjellaren pub og sportsbar
I Valestrand finn du Kjellaren restaurant og sportsbar.

Jan's bar
Bar i maritime omgjjevnadar i vakre Osterfjorden. Tar i mot selskap for servering av mat og drikke etter avtale.

Mjøsvågen kafé
Ein liten og hyggjeleg kafé i eit gamalt maskinhus i historiske naustmiljøet på Hosanger.

Plaza Kafé & Spiseri
Plaza kafe og spiseri er ein samlingsstad for alle. Her kan du sitte ned å ha ein hyggelig prat med venner over ein kopp kaffe og ferske bakevarer. Me kan tilby varme og kalde lunsjretter og middag. Ynskjer du ta med middagen heim eller skal du feire noko og ynskjer catering? Me hjelper deg!