
PÅSKEØYA OSTERØY
VELKOMMEN TIL PÅSKEFEIRING PÅ OSTERØY
ØYA MED DEI VERDSBERØMTE KOSSDALSSVINGANE HAR MYKJE Å BY PÅ!
No blir dagane lysare og lengre og påska er rett rundt hjørnet.
På Osterøy byr me på minnerike opplevingar for store og små.
Me tilbyr fantastisk natur, flotte turmuligheter, god mat og overnatting.
Ein oversikt over alt som skjer i listen under:

Fjordslottet Hotell
Skal du gå Kossdalssvingane i påska, kan du bu eller ete middag på historiske Fjordslottet Hotell. Her er det ope for overnatting og middagsservering i påska. Kombiner middagen med eit besøk i badstova og eit forfriskande bad. Tilgang på dusj etter avtale. Mange turmuligheter i nærområdet og Kossdalen ligg like ved.
Hotellet tek òg imot bestillingar frå grupper, tilpassar arrangement etter ønskje – og har alle skjenkerettar i selskapslokala.
​
OPNINGSTIDER I PÅSKEN:
2 April Påskebuffe 1330 - 1700
3 April Påskebuffe 1330 - 1700
5 april Påskebuffe 1330 - 1700
​
​

Hageland Litland
Litland Gartneri er ein lokal favoritt på Osterøy, kjent for eigendyrka blomar, plantar og sesongvarer av høg kvalitet. Her finn du alt frå vårblomar og stauder til jord, krukker og det du treng for å få det grønt og fint både ute og inne.
Våren og påska er høgsesong, og gartneriet bugnar gjerne av fargar og liv – perfekt for deg som vil pynte opp til høgtid eller gjere klart til utesesongen. Enten du har grøne fingrar eller berre vil ha noko fint på trappa, får du gode råd og inspirasjon frå folk som kan faget.
Litland Gartneri er ein fin stopp i påska for litt vårstemning – og kanskje starten på årets hageprosjekt.
​
OPNINGSTIDER I PÅSKEN:
30 Mars: 09-17
31 Mars: 09-17
1 April: 09-17
2 April: 12-16
3 April: 12-16
4 april: 09-16
​5 April: 12-16
6 April: 12-16
​

Havrå
Havråtunet er eit av dei siste og best bevarte klyngetuna på Vestlandet.
I påska kan du bli med på omvising i tun og landskap. Her vert du kjend med historia til den tradisjonsrike garden og får lære om matproduksjon. Lær om korleis ein kan produsere mat på stadeigne ressursar og om handlingsboren kunnskap. Det er ikkje lov å gå inn i tunet utan ein omvisar, så hugs å kjøpe billett på førehand. Påmeldinga stengjer fire timar før omvisinga startar.
​
OMVISNINGAR I PÅSKEN:
2.april, 3.april, 4.april og 5. april kl. 12.00.

Eides kafe og handleri
Eides Kafé og Handleri er ein triveleg møteplass på Osterøy, der kaféliv og lokal handel går hand i hand. Her kan du ta ein pause med kaffi og noko godt å bite i, samstundes som du kan handle med deg småvarer og lokale produkt.
Staden har ein uformell og lun atmosfære, og passar like godt for ein roleg kaffikopp som for ein liten stopp på tur. Med fokus på enkle, gode smakar og hyggeleg service, er dette ein plass mange set pris på – både fastbuande og besøkande.
​
I påska er Eides Kafé og Handleri ein fin stad å stikke innom for litt påfyll – anten du er ute på tur, eller berre vil nyte litt roleg kaféstemning.
​
OPNINGSTIDER PÅSKE:
2 April 11-16
3 April 11-16
4 April 11-16

Norlender
Det er ope på den historiske strikkefabrikken Norlender i Mjøsvågen, Hosanger, heile året: . I fabrikkutsalet finn du ullplagg frå hovudkolleksjonen til Norlender, unike godbitar frå outleten – og kanskje ei overrasking eller to!
Du kan òg få guida omvising i den over 90 år gamle fabrikken og sjå korleis ein ekte, norsk ullgenser blir til. Her får du eit unikt innblikk i korleis dei framleis produserer på tradisjonelle maskiner, og korleis dei tek vare på både handverk og historie.
Send ein e-post til sales@norlender.no eller ring 56 19 20 00 om du vil bli med på omvising, som kostar 100 kr per person. Kom innom for å handle kvalitet, sjå gamle strikkemaskiner i arbeid og oppleva ekte, norsk strikkekultur!
​
​
OPNINGSTIDER PÅSKE:
30 Mars: 09-15
31 Mars: 09-15
1 April: 09-15
​
Alle helligdager stengt

Mjøsvågen Landhandleri
Mjøsvågen Landhandleri ligg på Hosanger, ikkje langt frå der du kjem ned frå Kossdalssvingane. Her kan du stikke innom kafeen for ein bolle eller ein lunsj, som blir servert i vinterhagen eller på kaikanten. Ikkje gløym å ta ein titt i den koselege landhandelen med daglegvarer. Butikken er sjølvbetjent utanom betjente opningstider og sjølvbetjeninga er ope kvar dag frå kl. 06–23. Mjøsvågen Landhandleri har òg gjestebrygge med straum, dusj og vatn – og tilbyr utleige av lokale.
​
BETJENTE OPNINGSTIDER PÅSKE:
28 Mars: 10-21
29 Mars: 10-17
30 Mars - 5 April: 10-21
6 April: 10-17

Rema 1000 Lonevåg
REMA 1000 Lonevåg er ein sentral daglegvarebutikk i Lonevåg, og eit naturleg stopp for dei som treng å handle inn til påskehøgtida. Butikken tilbyr eit breitt utval av daglegvarer til låge prisar, med fokus på enkle og effektive handleopplevingar.
​REMA 1000 Lonevåg er spesielt viktig i påska som lokal forsyningsbase – enten det gjeld påskegodt, grillmat, turmat eller det du manglar til hytta eller heimen.
​
OPNINGSTIDER PÅSKE:
28 Mars: 7-23
30 Mars: 7-23
31 Mars: 7-23
1 April: 7-23
4 April: 7-16

Den Grøne Fabrikken
I Den Grøne Fabrikken innerst i Mjøsvågen på Hosanger kan du sjå spennande kunstutstillingar, handle i galleributikken eller stikke innom for kaffimat og drikke.
I påska må du få med deg utstillinga «GRØNN PORTAL» av Judy Sirks Vevle, som står til 14. april. Det vert og gratis teikneaktivitet for born kvar dag det er åpent i påska.
Her kan du ta turen innom for ein kopp kaffi, heimelaga bakst og ei roleg stund omgitt av kunst og lokal historie. Lokalet i seg sjølv er ei oppleving, med røter tilbake til den gamle trevareindustrien i området.
​
Den Grøne Fabrikken leiger òg ut lokale til små og større lag, og tilbyr mange ulike pakker med yoga, guida tur til Kossdalen, teambuilding og maleaktivitetar.
​
OPNINGSTIDER PÅSKE:
29 Mars: 13-16
30 Mars: 13-19
1 April: 13-16
2 April - 4 april: 12-16
​5 April: 13-16
6 April: 13-19
​

Flabellina kunstbadstove
Osterøy kunstlag ville ha ei kunstinstallasjon alle kunne bruka. Resultatet vart ei kunstbadstove innerst i Mjøsvågen. Her kan grupper booka minimum 12 timar på førehand på nettsida, om det er ledig. Men ostringane er ikkje vonde å be, så er de i området og vil ta ein tur i sauna, er det mogleg å ringje og høyre om det er kapasitet.
Kvar mandag og sundag kan du booka drop-in og nyte livet i kunstinstallasjonen i 70 minutt.
På Den Grøne Fabrikken er det dusj og toalett.
​
OPNINGSTIDER PÅSKE:​
Ope kvar dag: 10-22

Fjærå Sjøhus
Ved sida av Den Grøne Fabrikken i Mjøsvågen på Hosanger ligg det flotte Fjærå Sjøhus.
Her har dei open pub i påska og det er staden å gå om du vil ha god stemning på kvelden eller ete smakfulle smårettar til lunsj. Fjærå Sjøhus ligg heilt i vasskanten, og du kan sitje ute i sola og høyre bølgeskvulpa medan du nyt god mat og drikke. Fjærå Sjøhus er nyoppussa og har òg flott lokale til utleige for lukka lag.
​
OPNINGSTIDER PÅSKE:
1 April: 20-01
2 April - 6 April: 13-01

Osterøy Ysteri og Småfeprodukt
Eit familiegardsbruk med ysteri og produksjonslokale for kjøt. Har norsk mjølkegeit og sau av rasen gammal norsk spælsau og ynskjer å drive berekraftig og å best mogleg nytte dei ressursane garden kan gje heime og ved stølen i fjellet.
​
Gardsutsalg med ost, spekemat, skinn og bær. Alt frå eigen gard.
​
OPE ALLE DAGAR, OGSÅ I PÅSKEN.

YX Osterøy
Velkommen til YX Osterøy – din stasjon i hjertet av lokalsamfunnet. Her møter du folk som kjenner lokalmiljøet og veiene rundt, og som alltid står klare til å hjelpe deg trygt videre på reisen. Drivstoff, ladestasjon, tømmestasjon, vaskemaskin, selvvask, propan, dagligvarer, nysmurt, fast food.
​
OPNINGSTIDER PÅSKE:
30 Mars: 05:30-22
31 Mars: 05:30-22
1 April: 05:30-22
2 April: 09-22
3 April: 09-22
4 april: 08-22
​5 April: 09-22
6 April: 09-22

Osterøykroa
I hjartet av Lonevåg finn du Osterøykroa. Her har dei metta ostringar og tilreisande med sin allsidige meny sidan 1997. Osterøykroa er kjend for dei gode hamburgarane sine, men har òg amerikansk pizza, biffsnadder, fish’n chips og raspeballar. Og kva med heimelaga karamellpudding eller vaffel med softis til dessert? Lokalet tek deg tilbake til Amerikas gullalder og er fylt med artige, gamle skilt og andre antikvitetar.
​
OPNINGSTIDER PÅSKE:
Ope alle dagar i påsken 1300 - 2100
