top of page

FOLK OG KULTUR

Osterøy_juni20-210.jpg

Me er stolte over skaperkrafta og dei sterke handverk- og industritradisjonane våre, som framleis står sterkt.  I Mjøsvågen står minna på rekke og rad. Berre i denne lille vågen var der smier, treskofabrikk, kisteverkstad, metallstøyperi og møbelfabrikk. I dag har me sørga for å gje nytt liv til bygningane og har både kafé, landhandel, galleri og omvisning i dei historiske bygningane om sommaren.

​

I tillegg har me Osterøy museum som visar fram byggeskikk, gamle handtverk og drakter. Og Havrå-tunet har historie heilt frå bronsaldaren. Den er eit unikt minne om gårdsdrift, byggeskikk og arbeidsliv på dei mangebølte vestlandsgardane.

​

Filosofien til Ostringane er "da ordna me". Me fikser det meste, og kjem du til øya vår, vil du få glede av dette. Velkomen!

bottom of page