top of page

ATTRAKSJONER

Screenshot 2020-06-28 at 23.34.16.png

Osterøy museum

På Gjerstad finn du Osterøy museum. Det er eit friluftsmuseum med ulike utstillingar. Her kan du få omvisingar og forteljingar frå fortida på Strilelandet. 

Screenshot 2020-06-28 at 23.41.26.png

Havråtunet

Havrå er ein gard med ei historie som strekk seg tilbake til bronsealderen og er av dei best bevarte klyngetuna på Vestlandet. Garden er eit unikt minne om korleis gardsdrift, byggjeskikk og arbeidsliv gjekk føre seg på dei mangbølte vestlandsgardane.

oster%C3%B8y%20juni20-290_edited.jpg

Mjøsvågen

I Mjøsvågen står gamle kulturminne på rekkje og rad rundt heile den lune vågen. I dei verna sjøhusa har det blandt anna vore kisteverkstader, smier, treskoverkstad, metallstøyperi, gjørtlarar, møbelfabrikk og på dampskipskaien ser du restar etter eit gamalt meieri. 

Flabellina - Flytande badstu

Flabellina er eit resultat av eit omfattande kunst­prosjekt i regi av Osterøy Kunstlag.

Badstova ligg innerst i Mjøsvågen ved Den Grøne Fabrikken, og kan bookast av alle som ynskjer.

thumbnail_opning.jpeg

Osterøy kunstlag

Osterøy kunstlag har til føremål, - ved utstillingar, foredrag eller på anna vis – å arbeide for å vekkje interesse for og spreie kjennskap til kunst og kunsthandtverk. Kunstlaget ynskjer og på ymse vis å stimulere den skapande verksemda på desse områda i nærmiljøet. Osterøy Kunstlag er også omtalt som Galleri Mjøsvågen. Kvar sumar arrangeres det fleire utstilingar i Mjøsvågen. Ope galleri (Den Grøne Fabrikken), Smia, Galleributikk (det gamle gallerihuset), Treskoverkstad og Mjøsvågen Kafe. Kvar sundag kl. 13-17 i perioden 5. juni - 7. august og laurdag 4. juni, 2. .juli og 6. august 2022.

oster%C3%B8y%20juni20-258_edited.jpg

Kossdalsvegen

Ein veg av kulturhistorisk verdi frå vegbygginga på Vestlandet i 1880-åra. Kossdalssvingane vart bygd for hand i 1889 –1893. Dei 17 krappe svingane startar på 75 m.o.h. og stig til 175 m.o.h. Ei stigning på 27% og ein av dei brattaste vegane
i Noreg. Attraktiv plass for turgåarar, treningsfolk og turistar.

Screenshot 2020-06-29 at 00.12.22.png

Hamre kyrkje

Du finn Hamre kyrkje på Hamre. Kyrkja er ei av dei få tømmerkyrkjene som er att i Noreg. Kyrkja blei bygd først på 1600-talet. Det har stått kyrkjer på Hamre før og den første kyrkja trur ein blei sett opp i 1020. Hamre kyrkje var soknekyrkje i mellomalderen. Ho var etter alt å dømme hovudkyrkje for heile Nordhordland, og kyrkjestaden kan ha vore den eldste i regionen.

Oster%25C3%2583%25C2%25B8y_juli20-278_ed

Bullahuset

På Valestrand trødde Ole Bull sine barnesko kvar einaste sommar. Her gøymde han seg i jettegryter og «spelte vetet av» folk som for forbi. Her kom han i kontakt med dyktige feelspelarar som lærte han mykje av det eminente spelet han seinare reiste verda rundt og trollbatt publikum med. Og her bygda han ein villa (Bullahuset) til den første kona si, Felicite.

Oster%C3%83%C2%B8y_juni20-230_edited.jpg

Hosanger Treskofabrikk

Hosanger Treskofabrikk er ei frivillig driven verkstad som produserer tresko med reimdrevne maskinar, slik det vart gjort ved skipinga i 1924.

Screenshot 2020-06-29 at 00.32.42.png

Borge Motorsamling

Ei fantastisk samling bilar og motorsyklar av Ola J. Borge. Dette er staden for alle bil-entusiastar. I samlinga er det to bilar som har tilhøyrt det norske kongehuset, den eine Kong Haakons representasjonsbil så lenge han levde, ein Lincoln 1931 modell. Denne bilen var med i filmen «Kongens Nei». Kong Olavs første private bil, ein Lincoln 1927-modell, er òg med i samlinga. Bilsamlinga viser 17 kjøretøy frå og med 1903 til og med 1986, og i motorsykkelsamlinga er det 10 motorsyklar

her_edited.jpg

Herlandsfoss kraftverk

Herlandsfoss kraftverk ligg over Fotlandsvågen ved Herlandsvassdraget. 

Vannkraftverket har Storavatnet som det største magasinet, og det overføres også vatn frå Hesjedalsvassdraget. Kraftverket er presentert i katalogen til Kulturminnar i norsk kraftproduksjon, der ein finnar eit utvalg med 27 kraftverk med nasjonal kulturminneverdi.

bottom of page