
HJARTELEG VELKOMEN TIL
OSTERØY I SOMMAR
ØYA MED DEI VERDSBERØMTE KOSSDALSSVINGANE HAR MYKJE Å BY PÅ!

Fjordslottet Hotell
Skal du gå Kossdalssvingane i sommar, kan du bu eller ete middag på historiske Fjordslottet Hotell. Her er det ope for overnatting og middagsservering heile sommaren. Hotellet tilbyr kortreiste aktivitetar i hagen, der det òg er ei badstove og gode moglegheiter for bading. Osterfjordens flottaste badeplass – Hansveitholmane – og Kossdalen ligg like ved. Hotellet tek òg imot bestillingar frå grupper, tilpassar arrangement etter ønskje – og har alle skjenkerettar i selskapslokala, slottskjellaren og på den trivelege uteserveringa.

Osterøy Museum
Velkomen til Osterøy Museum, vakkert plassert på Gjerstad. Besøk museumstunet og lær meir om korleis folk levde i bygdene nord for Bergen i gamle dagar. Lær om tekstil- og drakthistorie, oppstadvev og lokal byggjeskikk. Dei har ope tysdag, onsdag og sundag kl. 11–15 i juli. Før 30. juni og etter 1. august har dei ope tysdag og onsdag kl. 11–15. Kvar opningsdag har dei omvisinga «Livet på strilalandet i gamle dagar» kl. 11.30–12.30. Du kan òg besøkje den faste utstillinga «Håndboren» og sommarutstillinga «Undertråd».

Havrå
Havråtunet er eit av dei siste og best bevarte klyngetuna på Vestlandet.
I sommar kan du bli med på omvising i tun og landskap frå søndag til fredag klokka 12. Her vert du kjend med historia til den tradisjonsrike garden og får lære om matproduksjon. Lær om korleis ein kan produsere mat på stadeigne ressursar og om handlingsboren kunnskap. Det er ikkje lov å gå inn i tunet utan ein omvisar, så hugs å kjøpe billett på førehand. Påmeldinga stengjer fire timar før omvisinga startar.

Osterøykroa
I hjartet av Lonevåg finn du Osterøykroa. Her har dei metta ostringar og tilreisande med sin allsidige meny sidan 1997. Osterøykroa er kjend for dei gode hamburgarane sine, men har òg amerikansk pizza, biffsnadder, fish’n chips og raspeballar. Og kva med heimelaga karamellpudding eller vaffel med softis til dessert? Lokalet tek deg tilbake til Amerikas gullalder og er fylt med artige, gamle skilt og andre antikvitetar. Dei har ope alle dagar i sommar: Måndag–torsdag kl. 11–21, fredag kl. 11–22 og laurdag og sundag kl. 13–22.
Osterøykroa tilbyr òg utleige av lokale til arrangement og har eit lite motell rett over gata.

Norlender
Det er ope på den historiske strikkefabrikken Norlender i Mjøsvågen, Hosanger, heile sommaren: Måndag-fredag 09-15, og laurdag og søndag 11-16. I fabrikkutsalet finn du ullplagg frå hovudkolleksjonen til Norlender, unike godbitar frå outleten – og kanskje ei overrasking eller to!
Du kan òg få guida omvising i den over 90 år gamle fabrikken og sjå korleis ein ekte, norsk ullgenser blir til. Her får du eit unikt innblikk i korleis dei framleis produserer på tradisjonelle maskiner, og korleis dei tek vare på både handverk og historie.
Send ein e-post til sales@norlender.no eller ring 56 19 20 00 om du vil bli med på omvising, som kostar 100 kr per person. Kom innom for å handle kvalitet, sjå gamle strikkemaskiner i arbeid og oppleva ekte, norsk strikkekultur!

Mjøsvågen Landhandleri
Mjøsvågen Landhandleri ligg på Hosanger, ikkje langt frå der du kjem ned frå Kossdalssvingane. Her kan du stikke innom kafeen for ein bolle eller ein lunsj, som blir servert i vinterhagen eller på kaikanten. Ikkje gløym å ta ein titt i den koselege landhandelen med daglegvarer. Me har betjent butikk og servering måndag til laurdag kl. 10–21 og søndag kl. 10–18 i heile juli. Utover dette er butikken sjølvbetjent og har ope kvar dag frå kl. 06–23. Mjøsvågen Landhandleri har òg gjestebrygge med straum, dusj og vatn – og tilbyr utleige av lokale.

Mjøsvågen kafé
Kom og besøk den vesle og hyggelege kafeen, som ligg i eit gamalt maskinhus i det historiske naustmiljøet på Hosanger. Kafeen vert driven på dugnad og har ope kvar søndag frå kl. 13–17 til og med søndag 10. august. Kvar søndag er det eit nytt kokketeam som lagar god heimelaga middag. Vanlegvis er det to ulike rettar å velje mellom, men det kan variera. Etter middagen kan du kose deg med noko søtt til dessert og kaffi.
Lurer du på kva som er til middag denne veka? Ta ein titt innom Facebook-sida deira!

Den GRØNE Fabrikken
I Den GRØNE Fabrikken innerst i Mjøsvågen på Hosanger kan du sjå spennande kunstutstillingar, handle i galleributikken eller stikke innom for kaffimat og drikke.
Dei har ope kvar laurdag kl. 13–16 og søndag kl. 13–17 fram til 17. august, og tysdagar kl. 16–20. I sommar må du få med deg utstillinga «Alt er av betydning» av LisBeth Johansen Sjøvoll og Petra Rahm, som står til 13. juli. Frå 20. juli til 17. august kan du oppleve utstillinga «Landskap» med Geir Brohjem sine måleri og Formbar sin glaskunst. Den GRØNE Fabrikken leiger òg ut lokale til små og større lag, og tilbyr mange ulike pakker med yoga, guida tur til Kossdalen, teambuilding og maleaktivitetar.

Flabellina kunstbadstove
Osterøy kunstlag ville ha ei kunstinstallasjon alle kunne bruka. Resultatet vart ei kunstbadstove innerst i Mjøsvågen. Her kan grupper booka minimum 12 timar på førehand på nettsida, om det er ledig. Men ostringane er ikkje vonde å be, så er de i området og vil ta ein tur i sauna, er det mogleg å ringje og høyre om det er kapasitet.
Kvar tysdag kan du booka drop-in og nyte livet i kunstinstallasjonen i 70 minutt.
På Den Grøne Fabrikken er det dusj og toalett.

Fjærå Sjøhus
Ved sida av Den GRØNE Fabrikken i Mjøsvågen på Hosanger ligg det flotte Fjærå Sjøhus.
Her har dei ope pub heile sommaren, og det er staden å gå om du vil ha god stemning på kvelden eller ete smakfulle smårettar til lunsj. Fjærå Sjøhus ligg heilt i vasskanten, og du kan sitje ute i sola og høyre bølgeskvulpa medan du nyt god mat og drikke. Fjærå Sjøhus er nyoppussa og har òg flotte lokalar til utleige for lukka lag. Frå 25. juni til 16. august har dei ope måndag–torsdag frå kl. 13–19, fredag og laurdag frå kl. 13–01 og søndag frå kl. 13–21. Dei serverer enkle smårettar alle dagane.

Tøsse Brygghus
Er de ein gjeng på minst seks personar som vil ha ei smaksoppleving utanom det vanlege? Det lokale bryggeriet Tøsse Brygghus i Tyssebotn, nord på Osterøy, arrangerer omvising på bryggeriet på førespurnad. Då får de servert ei smaksplanke med lokalbryggja drikke og spekemat frå ein geitestøl i fjella over Tyssebotn. Her har geitene vorte fora med havremjøl frå Tøsse Mølle – noko som passar godt til ølet frå Tøsse Brygghus. Det kostar 500 kr per person.
Det er òg ope på bryggeriet når det er arrangement på Tyssebotn, som til dømes Tyssemarknaden.