top of page

Frå 19 juni til 28 august 2022

|

Haus, Osterøy

Velkommen til omvising i Noregs fyrste freda kulturmiljø.

Få eit møte med det førindustrielle landbruket. Sundager frå 19. juni - 28. august. Kl. 12.00 og 14.00. Tysdagar og onsdagar frå veke 26 til og med veke 33 kl. 12.00 og 13.45

Velkommen til omvising i Noregs fyrste freda kulturmiljø.
Velkommen til omvising i Noregs fyrste freda kulturmiljø.

Tid og sted

Frå 19 juni til 28 august 2022

Haus, Osterøy, Bruvikvegen 272, 5286 Haus

Om arrangementet

NB : Praktiske opplysningar:

Turen må bookast på førehand, her finn du òg prisar. Havrå booking

Kontaktinformasjon: Marit Adelsten Jensen

Epost : marit.adelsten.jensen@muho.no, Telefon 95914742

Havrå, ein freda gard

Bli med på omvising i Noregs fyrste freda kulturmiljø.

Er du opptatt av berekraftig samhandling med vårt eige eksistensgrunnlag, då er dette staden for deg.

Den freda garden Havrå på Osterøy er eit møte med det førindustrielle landbruket.  Reiskapskulturen me nyttar i den daglege skjøtselen er ein sentral del av museets samfunnsoppdrag.

Noreg og resten av verda står overfor store utfordringar.  Overforbruk av energi og ressursar, arealendringar, forureining og aukande befolkningsvekst gjer at vårt eige eksistensgrunnlag slit. I dette kompliserte samspelet mellom natur og kultur finn ein mellom anna matproduksjon.

Gamle drifsformar, husdyrrasar og kulturplantar formidlar om berekraftig mat- og virke produksjon. 

Havrå har med sine stadeigne ressursar gjeve mat i magen, klede på kroppen, tak over hovudet og reint vatn til dyr og menneskje i 3500 år. Denne natur-og kulturarven er like aktuell i dag, og du kan fint ta den i bruk i din eigen kjøkkenhage. 

Kunnskapen me formidlar kan òg vera aktuell for jobben din, eller dine eigne kvardagslege val. 

Anna informasjon:

Det meste av bygg og landskap er i privat eige, og ikkje del av museet. Det bur folk i tunet.

Dato/klokkeslett, sommar 2022.

Sundager frå 19.juni-28.august. Kl. 12.00 og 14.00. Omvisinga tar om lag 1.time

Tysdagar og onsdagar frå veke 26  til og med veke 33. kl. 12.00  og 13.45 

Omvisinga tar om lag 1,5 timar.

Passer for enkeltpersonar og grupper opp til 12. stk.

Parkering og oppmøte.

Parker inne ved tunnelen på høgre side, om lag 200 meter frå Havrå. 

Gå tilbake langs vegen og vent ved busskuret.  Omvisar hentar dykk.

NB ! Turen må bookast på førehand, her finn du òg prisar. Havrå booking

Kontaktinformasjon: Marit Adelsten Jensen

Epost : marit.adelsten.jensen@muho.no. Telefon 95914742

Dele dette arrangementet

bottom of page