top of page

søn. 26. juni

|

Lonevåg

Veit du kva «nons» er?

Besøk Osterøy museum til «Nonsmat» - eit autentisk møte med lokale mattradisjonar. Vi smakar oss gjennom fleire hundre år og et «nonsmat» kring langbordet. Ferskt heimelaga grovbrød med plommesylte, stompekake med sirup, eller geitost gjer dette til eit godt måltid i unike omgjevnadar.

Registreringen er lukket
Se andre arrangementer
Veit du kva «nons» er?
Veit du kva «nons» er?

Tid og sted

26. juni 2022, 12:30 – 14:00

Lonevåg, Gjerstad 44, 5282 Lonevåg, Norge

Gjester

Om arrangementet

OPPMØTE

Resepsjonen Osterøy museum

Vertskapet møter gruppa og vi går i lag til Revheimsstova, der langbordet er dekka til «nonsmat».

Vi sit tett kring langbordet og deler måltidet slik folk har gjort i mange hundre år. Verten guidar oss gjennom maten og dei ulike smakane. Kanskje deler vi alle forteljingar og opplevingar vi har med oss?

SERVERING

Måltidet er ei historisk vandring gjennom måltids- og mattradisjonar frå Strilelandet. Vi får smake på graut og brød slik det kunne har vore servert til «nonsmat»- måltidet i tidlegare tider og langebrød med sirup, som var vanleg på 1900-talet. Nysteikt grovbrød og stompekaker, med godt heimelaga pålegg, gjer dette til eit fullverdig måltid.

PRAKTISKE OPPLYSNINGAR

Det er varme i stova. På kalde dagar fyrer vi i vedomnen.

Brødmaten vil innehalde gluten.

Måltidsopplevinga let seg godt kombinere med besøk i museet sine utstillingar, omvising i museumstunet, (billett kjem i tillegg) eller vandring på Kulturstien på Gjerstad (fritt tilgjengeleg).

PRIS: 490,- Per person

Halv pris for barn under 15 år (250,-)

Betaling på Vipps til #102120 Merkast «Nonsmat»

Kontaktinformasjon for spørsmål: 

Solveig.jordal@muho.no

94172250

Dele dette arrangementet

bottom of page