top of page

søn. 03. juli

|

Stamneshella

Sjarmerande og unik oppleving til Laksagiljo, ei historie heilt for seg sjølv

Er du klar klar for ei annleis, eventyrleg og historisk oppleving? Her har du den!

Sjarmerande og unik oppleving til Laksagiljo, ei historie heilt for seg sjølv
Sjarmerande og unik oppleving til Laksagiljo, ei historie heilt for seg sjølv

Tid og sted

03. juli 2022, 14:00 – 16:00

Stamneshella, Stamneshella, Norge

Om arrangementet

Sjarmerande og unik oppleving til Laksagiljo, inkludert bading og skillingsbollar ved nothuset

Undervegs vil du få med deg herlege lokale smaksopplevingar. Med bla røykt laks, produsert etter gamle oppskrifter, slik bestefaren min gjorde det og slik far min gjer det i dag.

FINN VEGEN

Midt i smørauga og ein liten avstikkar på Dalseidet mellom Bergen og Voss. Her køyrer du langs fjorden på Fv569.

Etter ca15 min kjem du til Stamnes skule. Her møter eg deg vinkande i vegen. For vinke, det gjer me på bygda!

Herifrå går me nokon hundre meter langs vegen som er bygd med handmakt og til gilja. Me tek oss god tid, for her gjeldt det å nyte både tid, naturen og kjensla av ro og stillhet.

Frå gilja går me ned til nothuset, langs stien på berghylla. Her kjem du heilt ned til sjøen og naturelementa er tett på.

Laksegilja og sitjenota var ein heilt særeigen måte å fiske etter laks på. For dei måtte sjå laksen med auga for å kunne fange den.

I dag står gilja der på berghylla 20 m over sjøflata, som eit tydeleg symbol på ein kultur og ein kulturarv som er heilt særegen, i eit område som er ein del av UNESCO Biosfæreområde Norhordland.

PÅMELDING OG PRIS: Du melder deg på ved å senda ein mail til annelise@bygdasjarm.no Evt sms eller ein liten telefonprat. Tlf: 481 97 024 Frist for påmelding er seinast dagen før innan kl. 21.00. Kr 450,- pr. person.

Betaling via Vipps til Bygdasjarm AS Ta kontakt for pris dersom du har barn med. Då tilpassar me litt etter alder.

Dersom turen av ulike årsaker må avlysast får du pengane tilbake eller me vert samde om nytt tidspunkt. Om du vert forhindra frå å møte til avtalt tid, så gi beskjed og me vert samde om ei ny løysing.

PÅKLEDNING: Kle deg etter veret og pass på at du har sko med god sole. Feks. joggesko, tursko eller fjellsko. Opplevinga foregår i all hovudsak ute. Dersom du har polaroide solbriller så er eit "stalltips" å ta dei med eller på. Kvifor dette er lurt vil du oppdage når me er på laksagiljo.

Då gjenstår det å ynskje hjarteleg velkomen til ein sjarmtur, der opplevinga er meir enn berre det du ser.

Dette er kjempe kjekt!

Gode helsingar frå Anne Lise

Dele dette arrangementet

bottom of page