top of page

Opplev Mjøsvågen og Hosanger på Osterøy

tir. 09. aug.

|

Lonevåg

No har du sjansen til å oppleva alt det flotte Mjøsvågen byr på!

Opplev Mjøsvågen og Hosanger på Osterøy
Opplev Mjøsvågen og Hosanger på Osterøy

Tid og sted

09. aug. 2022, 12:00 – 15:00

Lonevåg, Osterøyvegen 2142, 5282 Lonevåg, Norge

Om arrangementet

tysdagane 9, 16, 23 og 30 august kan du bli med på ei historisk vandring/ guida tur, med lunsj - i Mjøsvågen – Hosanger på Osterøy.

Turen går gjennom attåtnæringar, industri- og kulturhistorie, opplev kunst-utstillingar og kanskje ein tur i kunstbadstova.

Me startar på Norlender Knitwear – ein historisk trikotasjefabrikk frå 1927, deretter langs Mjøsvågenog dei verna sjøhusa der, med blant anna kisteverkstad, smie, og ein Treskoverkstad med autentiske maskiner frå 1924 som framleis produserer tresko. Vidare går turen til Den Grøne Fabrikken, eit verkstadbygg frå 1935, der det er kunstutstillingar vintage og galleributikk. Blant anna kan ein tinga seg ein time i Kunstbadstova Flabellina.

Me rundar av opplevinga med ein god lunsj på Mjøsvågen Landhandleri., som består av pølsemeny frå den hemmelige pølsefabrikken.

Ei Historisk vandring med lunsj tek om lag 3 timar – frå kl. 12.00 til 15.00 og kostar kr. 600.-.  Max 20 personar – minimum 4 personar. Dersom ein ynskjer å tinga eit opphald i Kunstbadstova Flabellina kjem kostnaden der  utanom.

Det går rutebuss frå Bergen til Hosanger – Bussnr. 210 frå Perong K - kl. 10.12 med retur kl. 15.13, eller evt. kl. 16.07 som kan kombinerast med ein time i Flabellina eller ein tur i Kossdalen.

PÅMELDING via ticketco: https://mjosvagenlandhandleri.ticketco.events/no/nb/m/e/opplev_mjoesvaagen_og_hosanger_paa_osteroey

Dele dette arrangementet

bottom of page