top of page

søn. 04. sep.

|

Valestrandsfossen

Omvisning på Koppen Gard

Ynskjer du omvisning på den levande kulturskatten, Koppen Gard? Her får du høyra om den spanande historia og gå den merka kulturstien. Enkle aktiviteter for barn og pølsegrilling vert det også. Dato: 4. og 5. juni, 2.og 3. juli, 6. og 7. august og 3. og 4. september.

Omvisning på Koppen Gard
Omvisning på Koppen Gard

Tid og sted

04. sep. 2022, 12:00 – 17:00

Valestrandsfossen, Koppen, Hansdalsvegen 236, 5281 Valestrandsfossen, Norge

Om arrangementet

PÅMELDING

Meld deg på her: KOPPENGARD

PRIS: 250,-

Under gardsbesøket vil du få guiding i tunet, gamlahuset (våningshuset frå 1601/1866) og smio. Me har laga til merka kultursti, kor du på eiga hand kan gå ein kortare eller lengre tur i kulturlandskapet. Langs  kulturstien finns det gravplass frå vikingtida, steingardar, vårflor, torvhus og flott natur. Kanskje vil du møta på sauene våre. Dei er av rasen Gamalnorsk spelsau, som er ein ekte norsk urrase. Me har også enkle aktivitetar for barn.

SERVERING

I tunet kan du få kjøpa kaffi og pølser. Pølsene spidda du sjølv over bålet i grua på tunet. Les meir om gardsbesøket og bestill billett på www.koppengard.no

Dele dette arrangementet

bottom of page