Omvisning på Koppen Gard
søn. 07. aug.
|Valestrandsfossen
Ynskjer du omvisning på den levande kulturskatten, Koppen Gard? Her får du høyra om den spanande historia og gå den merka kulturstien. Enkle aktiviteter for barn og pølsegrilling vert det også. Dato: 4. og 5. juni, 2.og 3. juli, 6. og 7. august og 3. og 4. september.
Tid og sted
07. aug. 2022, 12:00 – 17:00
Valestrandsfossen, Koppen, Hansdalsvegen 236, 5281 Valestrandsfossen, Norge
Om arrangementet
PÅMELDING
Meld deg på her: KOPPENGARD
PRIS: 250,-
Under gardsbesøket vil du få guiding i tunet, gamlahuset (våningshuset frå 1601/1866) og smio. Me har laga til merka kultursti, kor du på eiga hand kan gå ein kortare eller lengre tur i kulturlandskapet. Langs kulturstien finns det gravplass frå vikingtida, steingardar, vårflor, torvhus og flott natur. Kanskje vil du møta på sauene våre. Dei er av rasen Gamalnorsk spelsau, som er ein ekte norsk urrase. Me har også enkle aktivitetar for barn.
SERVERING
I tunet kan du få kjøpa kaffi og pølser. Pølsene spidda du sjølv over bålet i grua på tunet. Les meir om gardsbesøket og bestill billett på www.koppengard.no