søn. 05. jun.

|

Tyssebotnen

Lunsj og historisk tur på Kleiveland Gård

Kleiveland Gard tilbyr lokal mat på planke og guida vandretur til laksegiljene på Askjelneset i Osterfjorden. Her vert det visning og forteljing om laksefiske med gilje og sitjenot. Båttur tilbake til Kleiveland.

Registreringen er lukket
Se andre arrangementer
Lunsj og historisk tur på Kleiveland Gård

Tid og sted

05. jun., 13:00

Tyssebotnen, Osterøyvegen 3842, 5284 Tyssebotnen, Norge

Om arrangementet

OPPMØTE Møt opp i låven på Kleiveland Gard på Kleiveland. (Se Google kart) 

SERVERING

Før turen startar, får du servert lokal mat på planke og drikke. Du får òg forteljing med videovisning om giljene og laksefisket rundt Osterøy fram til 1993.

VANDRING OG GUIDING. MIDDELS KREVENDE

Deretter går gruppa med lokal guide den oppmerka løypa til Askjelneset. Vi passerar husmannsplassane Smedvik og Furnes og går langs Furnestjønna og til fjells. Deretter ned til husmannsplassen Bogen. Variert terreng, mellom anna einskilde parti med urskog. Vakker fjordutsikt.  Turløypa går gjennom variert terreng.

Løypelengde 5 km, raud løype, som er middels krevjande. Høgdeforskjell 0 til 160 moh.

LAKSEGILJER

Frå Bogen går vi så over til husmannsplassen og laksegiljene på Askildneset. Her får du gå opp på gilja Idnapå og får historieforteljing om den særmerkte fiskemetoden. Kanskje du ser villlaksen som sym forbi på veg til elva Vosso?

RETUR

Det vert båttur med den lokale skyssbåten «Ospenes» tilbake til Kleiveland kai og friluftsområde. Båtturen tar ca...

Turen tar mellom tre og fire timar.

PRAKTISK / BEKLEDNING

Husk godt fottøy, passande klær og vatn på flaske.

BETALING til kontonummer / Vipps på førehand.

Pris per person:  kr 450 for vaksne og kr 350 for born frå 12-16 år. 

Prisen inkluderar servering, guida vandretur og båtskyss.

Me tar værforbehold. Du får melding og pengene tilbakeom me må avlysa turen på grunn av dårlig vær. Du melder deg på turen på denne nettsida og plassen din bekreftes når du betaler. Påmelding til turen er bindande.

Kontaktinformasjon for spørsmål:

Erling Kleiveland tlf: 91182929 / 56395441

erlkleiv@online.no / www.kleivelandgard.no

Dele dette arrangementet