Lunsj og båttur til laksegiljene frå Kleiveland Gard
søn. 05. juni
|Kleiveland Gard
Kleiveland Gard tilbyr lokal mat på planke og båttur med den lokale skyssbåten "Ospenes" tur/retur til laksegiljene på Askjelneset i Osterfjorden. Her vert det visning og forteljing om laksefiske med gilje og sitjenot.
Tid og sted
05. juni 2022, 13:00 – 16:00
Kleiveland Gard, Osterøyvegen 3842, Norge
Gjester
Om arrangementet
OPPMØTE Møt opp i låven på Kleiveland Gard på Kleiveland. (Se Google kart)
SERVERING
Før turen startar, får du servert lokal mat på planke, drikke og kaffe m/kake. Du får òg forteljing med videovisning om giljene og laksefisket rundt Osterøy fram til 1993.
BÅTTUR
Etter bordsete og historieforteljing blir det båttur med den lokale skyssbåten "Ospenes". Båten tek 12 passasjerar, og går to turar dersom det kjem fleire.
LAKSEGILJER
Vi går så til laksegiljene på Askildneset. Her får du gå opp på gilja Idnapå og får historieforteljing om den særmerkte fiskemetoden. Kanskje du ser villlaksen som sym forbi på veg til elva Vosso?
RETUR
Vi er tilbake klokka 16:00
BETALING til VIPPS : Kleiveland Gard #751106
Pris per person: kr 690 pr person.
Inkludert i prisen er det lokal mat på planke, drikke og kaffe m/kake.
Du får melding og pengene tilbake om me må avlysa turen på grunn av dårlig ver. Du melder deg på turen på denne nettsida og plassen din vert bekrefta når du betalar med VIPPS. Påmelding til turen er bindande.
Velkomen skal du vere !
Kontaktinformasjon for spørsmål:
Erling Kleiveland tlf: 91182929