top of page

søn. 31. juli

|

Haus, Osterøy

Havrå, Noregs fyrste freda kulturmiljø

Velkommen til omvising i Noregs fyrste freda kulturmiljø. Sundager frå 19.juni-28.august. Kl. 12.00 og 14.00. Tysdagar og onsdagar frå veke 26 til og med veke 33

Registreringen er lukket
Se andre arrangementer

Tid og sted

31. juli 2022, 12:00 – 13:00

Haus, Osterøy, Havrå, Osterøy, Norge

Om arrangementet

Omvisningar sommar 2022 på Havrå. Bruvikvegen 272, Osterøy.

Sundager frå 19.juni-28.august. Kl. 12.00 og 14.00. Omvisinga tar om lag 1.time.

Tysdagar og onsdagar frå veke 26  til og med veke 33 kl. 12.00  og 13.45 . Omvisinga tar om lag 1,5 timar.

Praktiske opplysningar:

Turen må bookast på førehand: Her finn du òg prisar. Havrå

Kontaktinformasjon: marit.adelsten.jensen@muho.no

95914742

Den freda garden Havrå på Osterøy er eit møte med det førindustrielle landbruket.  Reiskapskulturen me nyttar i den daglege skjøtselen er ein sentral del av museets samfunnsoppdrag.

Noreg og resten av verda står overfor store utfordringar.  Overforbruk av energi og ressursar, arealendringar, forureining og aukande befolkningsvekst gjer at vårt eige eksistensgrunnlag slit. I dette kompliserte samspelet mellom natur og kultur finn ein mellom anna matproduksjon.

Gamle drifsformar, husdyrrasar og kulturplantar formidlar om berekraftig mat- og virke produksjon. Havrå har med sine stadeigne ressursar gjeve mat i magen, klede på kroppen, tak over hovudet og reint vatn til dyr og menneskje i 3500 år. Denne natur-og kulturarven er like aktuell i dag, og du kan fint ta den i bruk i din eigen kjøkkenhage. Kunnskapen me formidlar kan òg vera aktuell for jobben din, eller dine eigne kvardagslege val. Så er du opptatt av berekraftig samhandling med vårt eige eksistensgrunnlag, då er dette staden for deg.

Anna informasjon:

Det meste av bygg og landskap er i privat eige, og ikkje del av museet. Det bur folk i tunet.

Omvisninga passer for enkeltpersonar og grupper opp til 12. stk.

Parkering og oppmøte.

Parker inne ved tunnelen på høgre side, om lag 200 meter frå Havrå. 

Gå tilbake langs vegen og vent ved busskuret.  Omvisar hentar dykk.

NB : Turen må bookast på førehand: her finn du òg prisar. Havrå

Kontaktinformasjon: marit.adelsten.jensen@muho.no

95914742

Dele dette arrangementet

bottom of page